
Viss du vil
Forfattar: Ingelin Røssland
Forlag: Det Norske Samlaget
Utgivelsesår: 1998
Viss du vil er ein roman på 170 sider som handler om 19-årige Anneli. Ho er nettopp ferdig med gymnaset, men er så skulelei at i staden for å starte på universitetet så flyttar hu til ei avsides utkantbygd i heimkommunen der ho vel å jobbe i ein barnehage. Dette fell ikkje i god jord ått mor hennes, som meiner at Anneli berre prøver å provosere ho og den kristne familien hennar.
På den nye staden møter Anneli ein fyr som heiter Ragnar, ein eldre fyr med ein son som har plass i barnehagen ho jobbar på. Ho blir forelska i han, og aldersforskjellen mellom dei er konflikten som for det meste går att i hele boka.
I midten av boka blir far til Anneli til sjuk. Det er først da at boka tek seg opp og byrjar å bli litt interessant å lese.
Det tok lang tid for meg å komme inn i sjølva handlinga, fordi språket i boka er veldig ”rett fram” og stakkato. Det er ikkje mykje som skjer for å få lesaren interessert, og eg måtte verkeleg konsentrere meg for å komme inn i handlinga, noko eg meiner ikkje er slik ein god bok er skrevet.
Derfor gir eg denne boka terningkast 2 og anbefaler den ikkje vidare til folk som ønskjer seg noko lettlest, underhaldande og flytande.
