
Viss du vil
Forfattar: Ingelin Røssland
Forlag: Det Norske Samlaget
Utgivelsesår: 1998
Viss du vil er ein roman på 170 sider som handler om 19-årige Anneli. Ho er nettopp ferdig med gymnaset, men er så skulelei at i staden for å starte på universitetet så flyttar hu til ei avsides utkantbygd i heimkommunen der ho vel å jobbe i ein barnehage. Dette fell ikkje i god jord ått mor hennes, som meiner at Anneli berre prøver å provosere ho og den kristne familien hennar.
På den nye staden møter Anneli ein fyr som heiter Ragnar, ein eldre fyr med ein son som har plass i barnehagen ho jobbar på. Ho blir forelska i han, og aldersforskjellen mellom dei er konflikten som for det meste går att i hele boka.
I midten av boka blir far til Anneli til sjuk. Det er først da at boka tek seg opp og byrjar å bli litt interessant å lese.
Det tok lang tid for meg å komme inn i sjølva handlinga, fordi språket i boka er veldig ”rett fram” og stakkato. Det er ikkje mykje som skjer for å få lesaren interessert, og eg måtte verkeleg konsentrere meg for å komme inn i handlinga, noko eg meiner ikkje er slik ein god bok er skrevet.
Derfor gir eg denne boka terningkast 2 og anbefaler den ikkje vidare til folk som ønskjer seg noko lettlest, underhaldande og flytande.

Etter kva du skrev på staren av omtala verka boka heilt grei!
SvarSlettDu likte ikkje boka særlig godt, det var derfor bra du kom med eksemplar på kva det var du ikkje likte ved den. Derfor synas eg du hadde skrevet utfyllende om din eigen meining om boka!;)
Sidan du ikkje likte boka særlig godt, vet eg ikkje om eg ville leste den.
Eg synas det var ein god omtale!
God bokmelding. det var bra du kom deg gjennom boka sjølv om ho var kjedeleg skreve. Bra at du prøver å forklare kvifor ho er kjedeleg og.
SvarSlett